[Ein ukrainsk sjukepleiar] Poem by Maarja Kangro

[Ein ukrainsk sjukepleiar]

Ein ukrainsk sjukepleiar
står i den vesle italienske alpebyen
i parken under magnoliar.
Det er vinter, i band
står ein gammal kvit hund og bykser.
Brått og skremmande
høgt set ei kyrkjeklokke i å slå.
Den vesle kvite hunden
set i å gøy,
kraftig og hikstande,
i lufta kryp hjarteatakk.
Kyrkja vil ikkje gi seg,
heller ikkje hunden.
Det grufulle aukar i amplitude.
Dyret og kyrkja
rykkjer i kapp
i hjarterytmene.
Og enno legg ingen merke til noko
i parken under magnoliane.
No no no no no no no

COMMENTS OF THE POEM
READ THIS POEM IN OTHER LANGUAGES
Close
Error Success