EIT MENNESKE ER HER Poem by Jon Fosse

EIT MENNESKE ER HER

Eit menneske er her
og så er det borte
i ein vind
som forsvinn
innover
og møter steinens rørsler
og blir til meining
i alltid ny einskap
av det som er
og det som ikkje er
i ei stille
der vind
blir vind
der meining
blir meining
i fortapt rørsle
av alt som har vore
og samstundes er
frå eit opphav
der lyden bar meininga
før ordet delte seg
og sidan aldri forlét oss
Men det er
i all fortid og det er i all framtid
og det er
i noet
som ikkje finst
i si forsvinnande grense
mellom det som har vore
og det som skal kome
Det er uendeleg og utan avstand
i den same rørsla
Det klårnar
og forsvinn
og blir verande
medan det forsvinn
Og det lyser opp
i sitt mørker
medan det fortel
at det teier
Det er ingen stader
Det er alle stader
Det er nært
Det er fjernt
og kropp og sjel møtest
i eit der
og det er lite
og like stort
som alt som er
like lite som ingen ting
og der all visdom er
og ingen ting veit
i sitt inste sjølv
der ingen ting er skilt
og alt samstundes er seg sjølv og alt det andre
i det skilde
som ikkje er skilt
i endelaus avgrensing Slik eg lar det bli borte
i tydelege nærvær
i forsvinnande rørsle
og går rundt i dagen
der tre er tre
der stein er stein
der vind er vind
og der ord er ubergripeleg einskap
av alt som har vore
av alt som blir borte
og slik blir verande
som forsonande ord

COMMENTS OF THE POEM
READ THIS POEM IN OTHER LANGUAGES
Close
Error Success