Ein svært vindfull dag, unge skjøre lauv flyg i lufta.
Så regn. Så kveld. Så vin,
og så tenkjer eg: kva anna kunne vel ikkje vore?
Sjølv kjærleiken, dette sterkt overprisa stykke fast eigedom.
Når du går for å sjå, berre ei jernbanevogn,
som stansar så snarast, og sola skin verkeleg
på perrongen, på rosene, på dei som ventar
men det har ikkje noko med deg å gjere.
Vinden jagar framleis skyer inn frå sjøen,
dramatiske mot ein solnedgang,
lys som frå eit slags metall.
...
Read full text