elskar du meg heilt fram til æva
og så
når vi er over grensa til æva
og fleire timar vidare komne
utan å fatte kva verd
vi er komne til
elskar du meg framleis
om eg ikkje får til alt dette
når eg drikk meg full att og like før
verdsens ende blir liggjande i eige spy
i ei krå som eit lykkeleg barn
elskar du meg mot natt
når vêret har vorte så djevelsk kaldt
at ingen varm stad finst å gå til
og ikkje noko lys eller mål eller med
elskar du meg
når eg seier at einast vi saman
får tida til å vare at det er mysteriet
at når vi ikkje er meir er verda vekk for godt
elskar du meg om ikkje anna
for den underfulle verda som
jo kunne finnast (eller kva)
elskar du det galne dyret eg er
denne egoisten det store hannkattdyret på ei broten trestamme
som mel denne songen avgrunnsdjup og varm
når den avgrunnsdjupe og mørke natta
fell over oss og ingen veit kva
som har hendt når det demrar
ingen
elskar du meg eg som tørstar etter ditt varme
blod og berre lever for å svelgje det for å
ane eg kan få det
elska du meg framleis då kjære
elskar du meg heilt inn i æva
og langt
langt over grensa
...
Read full text