Spørr ikkje etter namna
Ta dei namna du ønskjer
Spør ikkje etter stadene
Sjå på dei som stader
som alt fins i ditt eige sinn
Spør heller ikkje kvifor dette fåvitet er der
Førestill deg i staden at du eingong var i den same situasjonen
og fekk dei same opplevingane
Og har du ikkje alt gløymt namnet ditt
mens du sat med denne boka,
så klø deg i hovudet
Og du vil finna eit forunderleg menneske
som ikkje var til
då denne fortellinga vart skriven
This poem has not been translated into any other language yet.
I would like to translate this poem