NOKO OM SKODESPELAREN Poem by Jon Fosse

NOKO OM SKODESPELAREN

i det som rører seg
lik livet
alltid i gapande rørsle
er noko roleg
og tungt
som livet sjølv
er tungt For nokon
blir livet for lett
og samstundes for tungt
og dei går ut or det som skjer
og står der
ustøtt
skjemde
og veit ikkje kva dei skal seie
dei har ingen ting å seie
og derfor må noko seiast Og dei går fram
med steg lette og rette som vinden
går dei fram
og så står dei der
tunge av seg sjølv
i kvarandres lys
medan skamma
løyser seg opp
og blir lett som hundens engel

Og så opnar engelens venger seg
og breier seg rundt dei

Og då er det sagt

COMMENTS OF THE POEM
READ THIS POEM IN OTHER LANGUAGES
Close
Error Success