(To dikt etter ei utstillling av Per Maning i Museet for samtidskunst hausten 2002)
Utan tittel, 1
Bavianen Maggie tél fingrane sine
Om igjen og om igjen
Ho kjem visst til fire
Blikket hennar søker tilskodaren
Forsiktig? Fortvila?
Det er noe ved denne abstraksjonen
som ikkje vil bli konkret
Utan tittel, 2
Mannsansiktet er nesten berre hud
hud, hudporer og hud
Munnen snakkar og snakkar, utan
ein lyd. Smiler, smiler. Plutseleg
blir vi urolege over noe vi
ikkje høyrer
This poem has not been translated into any other language yet.
I would like to translate this poem