Wergeland Poem by Olav Nygard

Wergeland

Gamle Eddaheim skolv i ein flogstyrke-spreng;
nedi grunnfjell braut songevna på
som ein sog-eld; det dirra i bergbunden streng.
Fram or rømda den dulrame blå
steig hin hamhøge norrøna-genius inn.
og ein runering glørde og skein
i titanen si hand. - Då skaut kraftsevja stinn
upp or auren i blod og i bein.

Då var draumtida fullflødd og sprengde seg os;
ut or norrøna-urdraumen sprang
det ein mannsskapnad fram som ein gud i sitt ljos -.
Å sæl mor, med den heros i fang!
Då slo grimen sin brureslått, sylvharpa klang
so prinsessa, den hugskirde dros,
etter tusundårs lengting i bergfengsle sprang
til sin brudgom og svana i ljos.

Å ung Wergeland, gudfagre manns-under, du
var kje fødd under mannaheims-lov;
du var boren i sælheimen, der var ditt bu,
men eit bråbil med lagnaden sov
sprang du ned yve bivrande verboge-bru,
strøydde perlur og gull utan hov.
Då skaut lagnaden straffskot,
du fekk ikkje snu, men laut ande i giftrøyk og gov.

Det dryp vemod som vårregn på blundande eng,
og det tetnar til tårur på kinn;
eg fær syner av storsyrgjespele som gjeng
gjenom verda; eit mæle fell inn
med ein klagesong, aukar til stormrop og spør:
Syn meg djuptanken, meister! Kvi let
du ei troll-ætt få leike med helkunst og glør
mot din solson, so gråfjelle græt!

Det renn hite i blode, og kvitharmen riv
meg med innestengd ofse; med sprut
som av glodjarn spring tunga or lega og driv
tungan våbøn or hugreire ut:
Å sterk norrøna-landvord, drag iskåpa inn
att or kaldheimen! Søkk dette land
ned i is-old og kalddaude! Blodeim ligg stinn
etter Wergelands sårhjarte-brand!

- Eg vert andbunden, stirer med mimrande munn -
er det synsville? Undere sig
fram or skintome lufta; på duvande grunn
lagar ljose eit løynespel, stig
gjenom skimreblått, sylvblankt .. Sjå ljosknuten spinn
seg i mannsham ... Det rapar meg gneist-
ar i ryggmergen, blodbylgja velter seg stinn
gjenom ådrann - : D'er Wergelands geist!

(Å min elsk vakna foss-ung av solrus og song
til ein sælemett syttanårs vår;
eg seig ned i eit djuphav der aldri ein gong
nokon klårtanke løyndomen når.
Eg la æsande magt imot uralders-fjell,
vilde sprengje den innfaste grunn
under tida og grjote, og njote den vell-
ande varm pust frå Wergelands munn.)

Det ligg mild glans i augo, og sorgmode dreg
sine regngråe skyskuggar inn
yve synskjelda - : Dei er tvo englar på veg
gjenom jordheim; med sorgbleike kinn
gjeng dei leitargong etter den harmblinde sjæl
som braut inn i det heilage ve
med ei våbøn, og såra det livsrunespel
som la fræe til Yggdrasil tre.

Ifrå ljoshamen vell det som varme or brand;
d'er ei breidbylgje-allmagt som spring
liksom Golfstraumen inn under isherja land
og ber vår-yl og grorluft ikring. -
Det fell skal ifrå augo, og dag-glima slær
meg i syne som nyskapte land
under fredhelga himlar der kjærleiken lær
med all høgenglemagt i si hand.

COMMENTS OF THE POEM
READ THIS POEM IN OTHER LANGUAGES
Olav Nygard

Olav Nygard

Norway
Close
Error Success