FJELLET HELD ANDEN Poem by Jon Fosse

FJELLET HELD ANDEN

anden vart trekt djupt
og så stod fjellet der
så stod fjella der
og slik står fjella der

og lutar seg nedover
og nedover
i seg sjølv
og held anden

medan himmel og hav
stryk og slår
held fjellet anden

Thursday, June 14, 2018
Topic(s) of this poem: star
COMMENTS OF THE POEM
READ THIS POEM IN OTHER LANGUAGES
Close
Error Success