[framleis ung men trøytt av eitt og anna] Poem by JUHAN VIIDING

[framleis ung men trøytt av eitt og anna]

framleis ung men trøytt av eitt og anna
så slit eg med å tåle sløvsinn godt
eg seier det, på hjartet legg eg handa
at mangt eit livsprosjekt har eg unngått

og domino er knapt eit spel eg spelar
kven lurer under bordet etter meg
og brikkene er svarte gravsteindelar
alt planta der ved enden av min veg

så ser eg i butikken papegøyar
og kvepp brått til av noko i kjent dur
eg helsar: heisann gutar, lik ein skøyar
nei heisann Juhan læt det frå eit bur

og ekkelt er det jamvel om eg nett her
får samla tankane mens ståket drøyer
spurt seljaren om menneske har rettar
og kven har gjort dei om til papegøyar

kulturdiskursen byrjar mellom gitter
eg lyttar og held pusten og held munn
og dei to kan de spørje gjennom kvitter
kva vitsen er med mine vers i grunn

COMMENTS OF THE POEM
READ THIS POEM IN OTHER LANGUAGES
Close
Error Success