Lisbet i si blokk, det er eit stort utsyn.
Ho er som i ein wide-screen TV der så høgt oppe i lia og andletet hennar
rett mot fjella på andre sida, over fjorden, dei blåe augo
vert opplyste av ein stjernehimmel som no stig ut av desembers skyer.
Lisbet åleine no, dottera i si verd. Det er ein far
som kom, ho tenkjer ikkje ofte på seljaren Jens
som kom i urmakarbutikken med prøver frå Zeiss og fór etter at han pulte henne
gravid med Mette på hotellromet, baby Mette
tenkjer ho.
Då ho set seg med fotoalbumet sitt, kjenner ho ei svaiing
som om blokka hennar er eit skip i stor sjø: Det er bilete
Mette sende frå Island der ho var au-pair i en småby der på den øya
i så veldig eit hav: Hveragerði og Þingvellir, les ho frå baksida
av bileta og prøver seia høgt for seg sjølv
lyden þ som Mette sa skal uttalast som det engelske th. Thing, seier
dei raudmåla leppene hennar: thing, a thing.
Ånei, ho har nok drøymt det heile, dette med jobben
i urmakarbutikken og dei andre kvinnene som ekspd.
i butikk, ho er jo berre her ho, med pillene sine og
dei langsame rørslene i den tjukke kroppen sin.
Det var ei anna Lisbet det, ein kropp som var ei jente
i urmakarbutikken ein gong.
Og dottera så schizofren òg, i sitt verna hus, ei leilighet
ein annan stad. I isolat no, kanskje? Ho drøymer mykje.
Ho ser på dette biletet, og kjenner svaiinga att i blokka, det er dette
Mette skriv om jordskjelvet på Island, det året før ho òg
vart sjuk.
Det er som om eg står med venstre foten i ei flåte og
høgre i ei anna flåte, og dei glid frå kvarandre i sjøen, skriv Mette
med si vakre handskrift då, bakpå bileta: Men det er endå verre, for Island har ei djup
rivne ned i jordas indre der det er flytande eld, og landet glid
frå kvarandre mot aust og mot vest, og så skyt det fram vulkanutbrot
og medan denne sprekken utvidar seg ristar jorda, det er jordskjelv
på 6,7 grader Richter no, skriv Mette, og Lisbet kjenner
atter korleis blokka hennar svaiar medan ho les
om fjellsider som rasar ned og hus som bryt saman som var dei
korthus på Island, og kyrne som står og rautar mot himmelen
ute på markene som skjelv under føtene på dei,
der ved Hveragerði.
Ånei, dette er lenge sidan, alt er lenge sidan, tenkjer Lisbet.
Ho orkar ikkje ringja Mette no. Tek ein ekstra klorpromazin slik
legen har sagt når ho er redd, og rullar seg ein røyk.
Lisbet så heilt åleine, ho stirer ut mot stjernehimmelen. Lisbet
åleine. Det er augo hennar, og ein munn
som skrik lydlaust blant stjernene, i dette utsynet frå vindauga
her.
This poem has not been translated into any other language yet.
I would like to translate this poem