Lisbet i si blokk, det er eit stort utsyn.
Ho er som i ein wide-screen TV der så høgt oppe i lia og andletet hennar
rett mot fjella på andre sida, over fjorden, dei blåe augo
vert opplyste av ein stjernehimmel som no stig ut av desembers skyer.
Lisbet åleine no, dottera i si verd. Det er ein far
som kom, ho tenkjer ikkje ofte på seljaren Jens
som kom i urmakarbutikken med prøver frå Zeiss og fór etter at han pulte henne
gravid med Mette på hotellromet, baby Mette
tenkjer ho.
Då ho set seg med fotoalbumet sitt, kjenner ho ei svaiing
som om blokka hennar er eit skip i stor sjø: Det er bilete
Mette sende frå Island der ho var au-pair i en småby der på den øya
i så veldig eit hav: Hveragerði og Þingvellir, les ho frå baksida
av bileta og prøver seia høgt for seg sjølv
lyden þ som Mette sa skal uttalast som det engelske th. Thing, seier
dei raudmåla leppene hennar: thing, a thing.
Ånei, ho har nok drøymt det heile, dette med jobben
i urmakarbutikken og dei andre kvinnene som ekspd.
i butikk, ho er jo berre her ho, med pillene sine og
dei langsame rørslene i den tjukke kroppen sin.
Det var ei anna Lisbet det, ein kropp som var ei jente
i urmakarbutikken ein gong.
Og dottera så schizofren òg, i sitt verna hus, ei leilighet
ein annan stad. I isolat no, kanskje? Ho drøymer mykje.
Ho ser på dette biletet, og kjenner svaiinga att i blokka, det er dette
Mette skriv om jordskjelvet på Island, det året før ho òg
vart sjuk.
Det er som om eg står med venstre foten i ei flåte og
høgre i ei anna flåte, og dei glid frå kvarandre i sjøen, skriv Mette
med si vakre handskrift då, bakpå bileta: Men det er endå verre, for Island har ei djup
rivne ned i jordas indre der det er flytande eld, og landet glid
frå kvarandre mot aust og mot vest, og så skyt det fram vulkanutbrot
og medan denne sprekken utvidar seg ristar jorda, det er jordskjelv
på 6,7 grader Richter no, skriv Mette, og Lisbet kjenner
atter korleis blokka hennar svaiar medan ho les
om fjellsider som rasar ned og hus som bryt saman som var dei
korthus på Island, og kyrne som står og rautar mot himmelen
ute på markene som skjelv under føtene på dei,
der ved Hveragerði.
Ånei, dette er lenge sidan, alt er lenge sidan, tenkjer Lisbet.
Ho orkar ikkje ringja Mette no. Tek ein ekstra klorpromazin slik
legen har sagt når ho er redd, og rullar seg ein røyk.
Lisbet så heilt åleine, ho stirer ut mot stjernehimmelen. Lisbet
åleine. Det er augo hennar, og ein munn
som skrik lydlaust blant stjernene, i dette utsynet frå vindauga
her.
...
Drankarane, med flotte namn
som Konrad eller Adolf, dei heldt seg
i utkanten av Molde by. Stundom dreiv songen deira
med vinden mot oss: Gamle schlagerar
eller triste bedehussongar um kross
og blødande sidesår. I utkanten flakka òg
dei galne ikring, Lundli t.d. som ein gong
hadde teke middelskulen: Um netene hogg han
og saga i store tre, lyden skar seg inn i svevnen
til oss born, blanda seg med draumar
um å flyga yver hustak eller draga store fiskar upp
frå tjern som myrkna endelaust nedyver
Ein dag var krossen hans ferdig, Lundli gjekk
seint i sine kvite laken gjennom Storgata
med den veldige krossen yver ryggen.
Etter han fylgde drankarane, Konrad, Adolf
og dei andre, og so ein skokk med born: Eg heldt
stramt um kastanjen frå kyrkjegardstreet i lomma.
Lundli ropte i ljos tenor og fistel DU SKAL TAKA
DIN KROSS UPP OG FYLGJA MEG SEGJER HERREN! Ordi hans
fauk som eld mot Konrad og Adolf, dei store
drankarlippene deira svara: Fylg meg, segjer Herren!
Og Halleluja! Og Halleluja! Dei kvite hendene deira
dansa som venger i lufti
Pinsletoget passerte hotell Alexandra.
I vinstova stod dei rosa andleta til soparar
og gamle fråskilde i vindauga: I rus ramla soparen
Jens i rutete seljardress og slips ned trappene
frå hotellet og slutta seg til toget. Gamle blikken-
slagar Hansen, fråskild i tretti år, med hjarta fullt
av spytt frå sine eigne born, kom seint
glidande etter i sin krøllete altfor
tronge bryllaupsdress og dissande mage: Gjekk hakk
i hæl med galningen Lundli som song FYLG MEG
FYLG MEG SEGJER HERREN FOR DEI FRISKE
TRENG IKKJE TIL LÆKJAR MEN DEI SOM ER SJUKE
AV SYND KOM ALLE KOM DE SOM HEV SYNDA og ut frå
kaia kom gamle jenta Karen skranglande mager, ho
som vart seld for eit spann øl og som kjende
byens bukseknappar glidelås betre enn dei lystige
syerskene: Ut frå skur og kaikloakken kom ho
flaksande inn i toget
Galningen Lundli var nær ved å siga saman
under den veldige krossen han hadde skore
og snikra saman i lange myrke netter, hamra
fast med rustne spikrar etter tyskarane. Langt
burtefrå kom djupe drøn og lyn skar yver himmelen: No
gleid toget inn på torget og skyene stod tett
yver drankarar og galningar, born og soparar
og fråskilde og tvilsame kvinner som ropte halleluja!
pris Herren! i det dei fyrste regndropane
skvatt mot Lundli, hans blanke skalle. Der var
soknepresten møtt i svart og politi i full mundur
og pleiarar i kvitt tok hand um Lundli: Stakk
sprøyter i han då han ropte gjennom regn og vind
PRIS HERREN ALLE SYNDARAR FOR HANS NÅDE YVER NÅDE
TAK KROSSEN UPP FYLG HERREN. So bleikna han
og kvarv i ambulansen medan Konrad og Adolf
heldt krossen støtt i uvêret i Molde by
Soknepresten steig i svarte klede upp
på margarinkassa til Lundli på torget: Gå heim!
baud han, dette er villfaring, sjukdom, ja
forrykte sinn. Jesus meinte ingen ting
bokstavleg med sitt snakk um krossar, symbolsk
var det og tenkte byrder, ropte presten ut
frå kassa til den galne. Då brast himmelen
yver molde by og lyn skar gjennom myrkret som ei
logande pil mot kyrkjetårnet: Klokkene sette i
å fossringja, ja jordi skalv og som ein Noa-flaum
kom regnet no. Eg surkla heim i store støvlar,
fór snarvegen yver kyrkjegarden, snappa med meg
kastanjene som flaut i sine grøne skal
frå grav til grav
og etter brødskiver med margarin og sirup
kom natti med sine draumar til oss born
og galningar og syndarar: Vi flaug utan venger
yver byen, steig skrått som eit fugletrekk
med galningen Lundli og hans kross i brodden, steig
mot ein himmel der store fiskar sprella fram
frå botnlause djup av myrker
...
The drunkards, with splendid names
such as Konrad or Adolf, gathered together
on the outskirts of Molde. Sometimes their singing
was borne on the wind to us: old hits
or sad low-church hymns about the cross
and Jesus' bleeding side. The crazy folk too
wandered around on the outskirts - people like Lundli, who had
once got his intermediary-school diploma: at night, he hewed
and sawed heavy trees, the sound cut its way into the sleep
of us children and got mixed up with dreams
about flying over the housetops or drawing up big fish
from pools with infinite darkening depths
One day, his cross finished, Lundli went
slowly at evening in his white sheet along the High Street
with the huge cross slung over his back.
After him followed the drunkards, Konrad, Adolf
and the rest, and then a throng of children: I kept
my fingers tight around the chestnut from the cemetery tree in my pocket.
Lundli called out in his light tenor and falsetto YOU MUST TAKE
UP YOUR CROSS AND FOLLOW ME SAYS THE LORD! His words
flew like fire to Konrad and Adolf, their big
drunkards' lips replied: "Follow me, says the Lord!
And Hallelujah! And Hallelujah!" Their white hands
danced like wings in the air
The pentecostal procession passed the Alexandra Hotel.
In the windows of the wine bar were the pink faces of queers
and elderly divorcees: in his alcoholic stupor, gay
Jens in his checked sailor suit and tie stumbled down the steps
from the hotel and joined in the procession. Old Hansen the
tinsmith, divorced for thirty years, with his heart full
of spittle from his own children, took his time, but
followed him and glided in the crumpled wedding-suit
that was too tight for him, his belly wobbling: he followed
right behind crazy Lundli, who sang FOLLOW ME
FOLLOW ME SAYS THE LORD FOR IT IS NOT THE HEALTHY
WHO NEED THE PHYSICIAN BUT THOSE WHO ARE SICK
OF SIN COME ALL YOU WHO HAVE SINNED and from the
direction of the quay came the clattering steps of skinny old Karen,
whose going price was a pail of beer and who knew
the town's trouser buttons and zips better than the cheerful
seamstresses: she emerged from the shack and the toilet on the quay
and drifted into the procession
Crazy Lundli was almost collapsing
under the enormous cross he had carved out
and assembled in the long dark nights, hammering it
firmly into place with rusty nails left by the German occupation.
From far away came deep rumbles, and lightning cut across the skies:
now the procession glided on to the town square and the clouds amassed
over the heads of the drunkards and crazy folk, children and queers
and divorcees and women of doubtful repute who cried out: "Hallelujah!
Praise the Lord!" as the first raindrops
squirted on to Lundli's bald pate. The vicar made an appearance
in his black robes, and the police in full uniform
and nurses in white took care of Lundli: they jabbed
syringes into him as he cried through the rain and the wind
PRAISE THE LORD ALL SINNERS FOR HIS GRACE UPON GRACE
TAKE UP THE CROSS AND FOLLOW THE LORD. Then he turned white
and fainted in the ambulance while Konrad and Adolf
held the cross firmly upright in the rainstorm in Molde
The vicar in his black gown got up
on Lundli's margarine crate on the town square: "Go home!"
he commanded, "this is delusion, sickness, indeed
minds gone mad. Jesus did not mean it literally
when he talked about crosses, it was symbolic and
referred to ‘burdens' as a theoretical concept," cried the priest
from the crazy man's crate. Then the heavens burst open
above Molde and lightning cut a path through the darkness
like a blazing arrow towards the church tower: the bells began
to ring torrential peals, indeed the earth trembled and now the
rain was coming down like Noah's floodwater. I squelched home
in big boots, taking the shortcut across the cemetery,
snatching up the chestnuts, which flowed in their green shells
from grave to grave
and after slices of bread with margarine and syrup
came the night with its dreams to us children
and to crazy folk and sinners: we flew without wings
over the town, mounting steeply like a flock of birds
with crazy Lundli and his cross at our head, rising
up to a heaven where big fish squirmed up
from bottomless depths of darkness
...
Når vi vert gamle, du,
og kråkene kjem for å ta oss
(kra-kra, og så borte
i eit vengeslag mot lufta)
kvar er vår kjærleik då?
Kvar er då denne munnen som seier
noko om ein sprukken kaffitraktar, rust på bilen, hjarte-
sjekk, ei plombe som er ramla ut, telefonrekninga
eller (romantisk) om månen gul
og rognetre som blømer, som bortforklarar alle kvite
løgner, svik, og det han ikkje maktar seia om barnet
vi ikkje fekk og som smeltar
saman med din i kyss.
Eller desse augo som stirer på den grøne dataskjermen dag
ut dag inn og som ser på deg når du kler av deg mot kvelden: Du
sløkkjer blygt og står som silhuett med mogne bryst
og lår mot lyset som siv tynt
inn vindauga frå det koboltblåe Islandshavet.
Eller desse hendene som skriv og skriv, set
snøskuffene på plass og stryk deg
over lemmene til du brinn og vil ha meg
som stangande kraft mot demningar, og eg brest
fossande inn i deg, inn i di bortopererte
livmor her i Reykjavik?
Kvar er alt dette som vi kallar vår kjærleik
når kråkene kjem?
For dei tek oss ikkje saman. Ein av oss
ligg fyrst der ute på det snøskitne jordet
ved havet (gult fjorårsgras, ròten vårsnø)
når dei svarte kråkene kjem og pikkar i munnen,
i augo, i hendene og kjønnet.
Den av oss som då er att innanfor vindauga, kjære,
som vaknar om morgonane og gjer alt
det vi er fortrulege med. Hentar inn Morgunblaðið som sit i
postsprekken. Som opnar kranar
og ser seg i spegelen: Ser den av oss då noko meir
enn sitt eige andlet der? Vil då det andre andletet
lysa gjennom andletet i spegelen, slik forlatte hus
står og lyser ved havet?
(Til Þorgerður)
...
When we grow old, my dear,
and the crows come to get us
(caw-caw, then off
with one beat of their wings, into the air),
where will our love be then?
Where will this mouth be then that says
something about a broken coffee-machine, rust on the car, a visit to the
cardiologist, a filling that has fallen out, the phone bill
or (romantic) about the golden moon
and the rowan-tree in blossom, which explains away all the white
lies, the cheatings, and all it doesn't manage to say about the child
we never had, and that melts together
with yours in a kiss?
Or these eyes that stare into the green computer screen day
out and day in and that look at you when you take your clothes off as evening draws on:
you put the light out modestly and stand like a silhouette with ripe breasts
and thighs against the light that seeps thinly
in through the windows from the cobalt-blue Iceland Sea?
Or these hands that write and write, that put
the snow-shovels in their place and caress you
over your limbs until you burn and want to have me
like a force that smashes into the dams, and I explode
cascading into you, into your womb that was removed
by a surgeon in Reykjavík?
All this that we call love -
where will it be, when the crows come?
For they will not take us both together. One of us
will be the first to lie out there on the ground dirtied by snow
down by the sea (yellow last year's grass, churned-up spring snow)
when the black crows come and pick at the mouth,
the eyes, the hands, the genitals.
That one of us who is left behind the window then, dear,
who wakes in the mornings and does everything
we are familiar with, fetches in Morgunblaðið which sits
in the letterbox. Turns on the taps
and looks at oneself in the mirror: does that one of us then see something more
than one's own face there? Will the other face then
shine through the face in the mirror, as abandoned houses
stand and shine by the sea?
(for Þorgerður)
...
Og fred for mi gamle mor, 89 år på sjukeheimen:
Dómine Fili unigénite, Iesu Christe, Dómine Deus,
Agnus Dei, Fílius Patris, qui tollis peccáta mundi,
miserére nobis qui tollis peccáta mundi
súscipe deprecatiónem nostram: miskunn deg over
mor, det flimrar i hennar demente hjerne.
I min barndom, Gud, då var det tordensomrar
som la myrker over Molde by og lyn som rasa
sikksakk over kvitveismarkene, og stupregn: Eg gleid. Hoggorm
i kvar blåbertuve, Herre. Men ingen tala om
fattigdom sjølv om nåla i mors veldige symaskin
Singer fauk knitrande opp og ned imellom himmel og jord og lappa hol
i bukseknea mine, sydde om kjolar og skjørt åt systrene mine.
For det var ikkje så farleg i min barndom: I mors hus
fanst brødskiver nok, og sirup, og ei hand
som strauk meg så uendeleg varsamt over håret
før eg sovna under lyn eller stjerner eller regn eller måne
etter kveldsbøna: Nu lukker sig mit Øie.
Hugsar du? seier eg til mor. I '52 då var det snø, den vinteren!
2 metrar, minst. Du fylgde meg til skulen, eg var jo så liten
at berre den blå strikkalua mi var synleg over snøen. Men
handa di heldt, du måka meg gjennom snøfonnene i januar
endå syster mi i magen din skulle fødast snart.
Men ho hugsar ikkje. Ligg under den kvite dyna
som i fonner av snø
og handa hennar famlar under hodeputa
etter noko ho har gløymt.
Hugsar ikkje. Ho ser på meg som sit ved senga hennar
på Sjukeheimen, det glid
ein skugge over andletet hennar. Som av ein stor
fuglevenge.
Ikkje naken, ikkje kledd. Ikkje sjuk
og ikkje frisk. Ligg
under den kvite dyna, ei snøfonn. Handa di
også som fugl no. Har du flòge alt, bort
ifrå dette? Denne kroppen
du kjenner på under dyna, er den din? Pakka inn
med spedbarnsbleier, gummiteppe under
lakenet.
Du spør om mor er komen inn
frå fjøset med nysilt no.
Eg får meg ikkje til å svara at bestemor
har lege under tuve og kross på Molde kyrkjegard sidan '52.
Eg kjem med kvitveis som eg plukka til deg, seier eg.
Då glid det ein skugge over andletet hennar att, ein
stor fuglevenge røyver ved henne.
Ho seier: Dei skal eg ta med heim til mor
og far. Det mørknar snart, eg må gå heim.
Du er ein snill mann, du må helsa
dine foreldre.
Ho famlar under dyna
og kjenner ein framand
kropp der, pløsent skinn og
kjøt. Rullestolar rullar
og brett blir trilla
framfor augo hennar som ser
mot døropningen. Ho vil gå heim
til mor og far og si vesle syster og dei store brørne sine
i det kvite huset med morelletrealléen,
og med den grøne granhekken, oppe
i lia, over fjella og den blå blå fjorden: Hugsar ikkje
at dei alle forlengst er borte. Hugsar ikkje
at ho er vaksen jente, at ho gifte seg i '43, han
var i uniform, det er ein krig
ho har gløymt. Hugsar ikkje at denne kroppen
fødde tre born, i '44, '45 og '52, at mannen hennar
kledde uniformen av i '45 og vart ein kontorist
med mange hobbyar, ein mann som gjekk
om morgnane og kom til middag. Brett med mat
og piller rullar fram mot senga hennar no, ho skyller ned.
Så får ho sova, seier pleierska i kvitt
sterilt, ei ungjente.
Eg tek mors hand i mi.
Du som leidde meg gjennom snøvintrane.
Eg kan ikkje leia deg igjennom denne snøfonna her.
Vi ser ikkje kvarandre lenger, det er
eit flimmer mellom oss, ein skjerm som syner
utydelege bilete uskjønlege ord sende ut ifrå
ein feilinnstilt stasjon. Og du har alt
lagt ut på flòg.
Over det kvite huset med morellealléen
og den grøne hekken, over fjella og den blå
blå fjorden blir du
langsamt borte.
Qui sedes ad déxteram Patris, miserére nobis.
Quóniam tu solus Sanctus, tu solus Dóminus, tu solus Altíssimus, Iesu
Christe, cum Sancto Spíritu: in glória Dei Patris.
Amen.
...
HEIME
Lisbet i si blokk, det er eit stort utsyn.
Ho er som i ein wide-screen TV der så høgt oppe i lia og andletet hennar
rett mot fjella på andre sida, over fjorden, dei blåe augo
vert opplyste av ein stjernehimmel som no stig ut av desembers skyer.
Lisbet åleine no, dottera i si verd. Det er ein far
som kom, ho tenkjer ikkje ofte på seljaren Jens
som kom i urmakarbutikken med prøver frå Zeiss og fór etter at han pulte henne
gravid med Mette på hotellromet, baby Mette
tenkjer ho.
Då ho set seg med fotoalbumet sitt, kjenner ho ei svaiing
som om blokka hennar er eit skip i stor sjø: Det er bilete
Mette sende frå Island der ho var au-pair i en småby der på den øya
i så veldig eit hav: Hveragerði og Þingvellir, les ho frå baksida
av bileta og prøver seia høgt for seg sjølv
lyden þ som Mette sa skal uttalast som det engelske th. Thing, seier
dei raudmåla leppene hennar: thing, a thing.
Ånei, ho har nok drøymt det heile, dette med jobben
i urmakarbutikken og dei andre kvinnene som ekspd.
i butikk, ho er jo berre her ho, med pillene sine og
dei langsame rørslene i den tjukke kroppen sin.
Det var ei anna Lisbet det, ein kropp som var ei jente
i urmakarbutikken ein gong.
Og dottera så schizofren òg, i sitt verna hus, ei leilighet
ein annan stad. I isolat no, kanskje? Ho drøymer mykje.
Ho ser på dette biletet, og kjenner svaiinga att i blokka, det er dette
Mette skriv om jordskjelvet på Island, det året før ho òg
vart sjuk.
Det er som om eg står med venstre foten i ei flåte og
høgre i ei anna flåte, og dei glid frå kvarandre i sjøen, skriv Mette
med si vakre handskrift då, bakpå bileta: Men det er endå verre, for Island har ei djup
rivne ned i jordas indre der det er flytande eld, og landet glid
frå kvarandre mot aust og mot vest, og så skyt det fram vulkanutbrot
og medan denne sprekken utvidar seg ristar jorda, det er jordskjelv
på 6,7 grader Richter no, skriv Mette, og Lisbet kjenner
atter korleis blokka hennar svaiar medan ho les
om fjellsider som rasar ned og hus som bryt saman som var dei
korthus på Island, og kyrne som står og rautar mot himmelen
ute på markene som skjelv under føtene på dei,
der ved Hveragerði.
Ånei, dette er lenge sidan, alt er lenge sidan, tenkjer Lisbet.
Ho orkar ikkje ringja Mette no. Tek ein ekstra klorpromazin slik
legen har sagt når ho er redd, og rullar seg ein røyk.
Lisbet så heilt åleine, ho stirer ut mot stjernehimmelen. Lisbet
åleine. Det er augo hennar, og ein munn
som skrik lydlaust blant stjernene, i dette utsynet frå vindauga
her.
2. Apart from producing a large number of poetry collections Ødegård also published two novels for young readers, two books on Iceland and a play. He divides his time between Molde (Norway) and Reykjavik (Iceland) . In 1992 he converted to Catholicism.
1. Born 6 November 1945 in the city of Molde, on the west coast of Norway, the Norwegian poet Knut Ødegård studied theology and philology and made his poetic debut in 1967.