DEN DAGKLÅRE SKUGGEN Poem by Eldrid Lunden

DEN DAGKLÅRE SKUGGEN

Halfdan Egedius blei berre 22 år gamal. Frå
hagen min ser eg dei same åsane i aust som han
såg når han måla sommarstemningane sine frå
Telemark. Den mørke taggete furuskogen
nattlege hildringar i lyst blått. To gutar

som kjem slengande i finpussen over jordet. Eg har
nettopp oppdaga Egedius, men det har eg vel nettopp
ikkje. Den kvite hesten under det store treet. Ryttaren
som tøyer seg etter morellene der oppe, lenge

før eg visste noe om utsikten mot Gvarv, som
noe anna enn ein stad med med uvanleg lågt frysepunkt i
vermeldinga. I dag er det 18. april og sol. Det luktar
sveitte, amoniakk og jord av kroppen min her eg sit
med utsikt til Egedius sine åsar hundre år etter, så mørke
dei er, så lyse

Wednesday, October 10, 2018
Topic(s) of this poem: april
COMMENTS OF THE POEM
READ THIS POEM IN OTHER LANGUAGES
Close
Error Success